Den tredje sumarhelga i juli går Våt Moro av stabelen i Noregs trivelegaste og vestlegaste by – Florø. Festivalen blei første gong arrangert sommaren 2012 og har sidan den gong vekse i omfang og storleik.

Talet på aktivitetar som tilbys under festivalen har også auka gjennom åra og vi jobbar kontinuerleg med å utvikle konseptet både i, over og under vatn vidare for å få endå fleire til å bli med på moroa. Målet til Våt Moro er å bidra til at festivaldeltakarane kan prøve aktivitetar som nyttar dei unike naturressursane som ligg rundt kystbyen vår slik at terskelen for å vere ute i friluft og i det våte element blir senka. Senter for dei fleste aktivitetane er Florø og Florevika, men vi har også samarbeid med LaPoint Surfing på Stadt som sikrar mykje våt moro også på Stad. Til aktivitetane på Florevika nyttar vi både lokale og tilreisande aktivitetsinstruktørar som kvar og ein bidrar til at aktivitetane blir gjennomført på ein både sikker og morosam måte.

Viktig har det også vore ha å aktivitetar som passar for alle aldrar, difor arrangerer vi Våt Moro Barnepark for dei aller minste og Ung Ekstrem for målgruppa 12-16 år i tillegg til dei ulike aktivitetane for unge og vaksne over 16 år.

På kveldstid er det duka for morosamheiter og god stemning med «AfterSea» i festivalteltet der vi byr på quiz, band og DJ som saman skapar den perfekte avslutninga på ein dag i det våte element.

Havsportfestivalen Våt Moro er ein 100% dugnadsbasert festival – skapt og driven av lokale eldsjeler som gir av seg sjølv og si fritid for å skape leik, moro og aktivitet i sin eigen heimby. Utan desse frivillige personane ville det ikkje vore mogeleg å arrangere festivalen. Sjå meir informasjon om korleis du også kan vere med som frivillig!