Yoga. Foto.

Bli med på ein uforgløymeleg yogaopplevelse i den flotte skjergarden vår!

Vi havraftar til Stabben fyr for å nye ei 90 minutters yogaøkt som passar for alle nivå; enten du har litt, mykje eller ingen erfaring. Etter meditasjonen havraftar vi tilbake til Florø.

Yogalærar Gunhild Merete Desilets har undervist yoga i ti år for yogis alder 0-97 år i USA, Australia og Norge. Ho vart ‘hekta’ på yoga i 2002 etter ein Hatha yogatime på eit fitnessenter i USA, og har praktisert yoga og meditasjon sidan. Gunhild eig og driv Flora Yoga & Velværestudio.

Kun 11 plassar, så her må du hive deg rundt om du vil vere med!

Ta med eiga yogamatte, tynt pledd. vassflaske og gjerne lett nistepakke.

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.

Vi brukar informasjonskapslar for å gje deg ein enklare brukaropplevelse og til statistikk slik at vi kontinuerleg kan forbedre sidene våre.