Sjørøvertokt med Svanhild

Vi inviterer små og store piratar på ekte sjørøvartokt med Svanhild i den vakre skjergarden vår 🏴‍☠️⚓️

Skuta tek oss med på ei spennande skattejakt under kommando av Svanhild sin eigen sjørøvarkaptein. Det vert underhaldning med sjørøvarmusikk og gitarspel medan vi leitar etter den store skatten 💎

Vi har nokre redningsvestar til utlån, men ta gjerne med eigen dersom du har.

Barn 100,- / vaksen 175,-

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.