Kajakk. Foto.

Erfarne Kjetil Høidal tek deg med på ein flott tur i eldoradoet av holmar og skjer rundt Rota og St. Helena, kun eit steinkast frå Florø sentrum.

Prøv kajakkpadling ut frå verdas vakraste by, og få eit unikt møte med vestlandets natur. Fredag 14. juli kl. 10 kan du vere med på ein 3 timars tur som passar godt for nybegynarar, men også erfarne padlarar.

Du må ha med:
• Tørre kle
• Mat og snacks
• Varm drikke + tørstedrikk
• Vanntett pakkpose (kan kjøpast i sekretariatet på Torget eller i sportsbutikk)

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.