Havrafting med fottur til Alden

I samarbeid med Flora Turlag tilbyr vi fottur til Alden med havrafting som transport til og fra.

Dette passer fint for deg som har lyst på ein tur saman med andre. Våre turguidar tek deg med på ein flott tur i vestlandsk natur.

Alden er ei øy i Askvoll kommune som ligg mellom Atløyna/Tvibyrge og Værlandet. Fjellet Norskehesten gjer øya lett gjenkjenneleg frå lang avstand. På denne turen vinn ein fort høgdemeter, og toppen 460 m.o.h. byr på ei fantastisk utsikt over store delar av ytre Sogn og Sunnfjord. Transport til og frå er med RIB, noko som gjer naturopplevinga ekstra frisk. Turen tek ca. 2,5 time + 1 time med båt t/r.

Ta med kle i henhold til været som er meldt; fjellsko, niste og drikke.

  • Tid: Laurdag 8. juli, kl. 10:00-16:00 
  • Vanskelegheitsgrad: Medium
  • Varighet: 6 timar
  • Aldersgrense: 15 år
  • Pris: 990,-
  • Alle aktivitetar med vêratterhald.

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.