Tube

Tube er ein lavterskelsaktivitet som passar deg frå 12 år og oppover. I ein oppblåsbar ring blir du trekt bak ein båt i god fart.

Ekstra gøy er det når båten svingar og pendeleffekten gjer til at tuben akselererer i ei bue eller når du treff bølgjene og tuben gjer eit hopp eller tre. Billettsal berre i sekretariatet – ingen førehandspåmelding.

  • Tid: Sjå program for tider. 
  • Varighet: 30 min 
  • Aldersgrense: 12 år
  • Pris: 300,- (Billettsal berre i sekretariatet – ingen førehandspåmelding)
  • Alle aktivitetar med vêratterhald

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.