Sandvolleyball

Laurdag 8. juli riggar vi opp eit lite stykke Copacabana Beach på Flora VGS og inviterer til Våt Moro-meisterskapen i sandvolleyball!

Turneringstart laurdag kl. 11:00. Detaljert kampprogram kjem når det er klart.

Arrangementet er gratis for publikum. Ta med deg vener og bidra til god stemning på vår eigen lille Copacabana denne laurdagen!

Påmelding

Årets turnering er heitare enn nokon gong, og skal ditt lag være blant dei maksimalt 16 lagene som er med i årets turnering, må du hive deg rundt.

Du melder på lag ved å sende ein epost til [email protected] der du skriv lagnavn og navn på spelarane. Vi sender så fort som mogleg bekreftelse på at du er påmeld. Ein kan legge til/ta vekk spelarar på lista fram til turneringa startar. Ein spelar kan berre vere med på eitt lag. Påmeldinga er bindande. Ved avmelding av laget må det betalast eit gebyr på kr 400.

Avgifta er kr 100 per spelar som må betalast med Vipps ved oppmøte turneringsdagen frå kl. 10. Laget må vere bekrefta påmeldt via epost.

Spelereglar

Vi spelar fire mot fire, og det må til ei kvar tid vere ei jente frå laget på bana. Kvert lag kan maks ha 8 spelarar og maks antall lag som kan melde seg på er 16. Det er førstemann til mølla, så ver rask med å melde deg på (via e-post!!) dersom du vil sikre deg plass!

Kampane spelast på tid, der dei innledande kampane i gruppespelet går over 8 min. Deretter øker vi tida til 10 min i kvartfinale. I semifinalane og bronsefinalen øker vi tida til 12 min. Finalen spelast best av 3 sett, alle tre sett til 15 poeng.

Dersom du har moglegheit og lyst til å dømme under turneringa kan du melde deg til Florø Volleyball per e-post [email protected]. Det vil bli gjennomgang av reglar med dommarane før turneringa.

Det vil i hovudsak bli dømt på følgande under turneringa:
1. Forstyrrande overtrakk på motsatt banehalvdel
2. Grov føring
3. Overtråkk på serve
4. Blokkering av opplegg
5. Feilslag (dobbelslag)
6. Grove nettfeil

Vinnaren vert premiert under kveldsarrangementet laurdag 9. juli.

Tid: Laurdag 8. juli kl. 11:00–17:00
Stad: Flora VGS
Pris: 100 kr per spelar
Aldersgrense: 16 år

Alle aktivitetar med vêratterhald.

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.