Havrafting

Ei naturoppleving kombinert med høg fart som får andrenalinet fram!

Opplev havet og naturen på nært hald! Båten held ein fart på nesten 50 knop, eller nærare 100 km/t  i retning mot øyane og havgapet. Opplev fuglelivet vest av Fanøya og Batalden, og sjå majestetiske Kinnaklova. Ei frisk oppleving med fart og sjøsprøyt!

  • Tid: Sjå program for tider 
  • Varighet: 45 min 
  • Aldersgrense: 16 år (12 år på ungdomstur)
  • Pris: 650,-
  • Alle aktivitetar med vêratterhald

Alle turar med vêratterhald.

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.