Torget

Midt i sentrum av Florø ligg Torggata, Torget og Haffen – det er dette området som er hjartet i festivalområdet. Her set vi opp eit stor eit stort festivaltelt som husar sekretariatet på dagtid og ”Aftersea” og underhaldning på kveldstid. I tillegg er området oppmøtestad for mange av aktivitetane og gjer til at det er yrande folkeliv her under festivaldagane. Ønskjer ein berre å sjå på moroa, gjer ein dette best frå bryggjekanten som slyngar seg rundt Haffen. På området er det også sett opp eit eige telt for omskifting til våtdrakt, toalettfasilitetar samt vår eigen brandshop med utsal av freshe hekle-hue, handdukar, vasstette baggar, drikkeflasker med meir.

Florevika og Floraskjergarden

Florevika er vår leikeplass og det er her dei aller fleste aktivitetane finn stad. Festivaldeltakarane nyttar det våte element på mange mogelege måtar – anten på, i eller over havoverflata. Dersom ein vil sjå meir av festivalområdet enn Florevika, så kan du ta deg ein raftingtur i den unike Floraskjergarden der du mellom småøyer og skjær susar forbi gamle fyr og lokale landemerker frå Alden i sør til Hornelen i nord. Det same området kan du også sjå i fugleperspektiv dersom du tek deg ein paraglidartur med opptrekk frå båt – herlig!

Byparken

Våt Moro for dei aller minste finn stad i Byparken. Parkområdet blir fylt opp med vassklier, badeskum, ansiktsmaling, våte svampar, vassballongar og mykje barnelatter. Våt Moro-maskoten ”Krokofanten” sørgjer for at stemninga er på topp gjennom heile dagen.

Sørstrand Folkepark

Ein av Florøs vakraste rekreasjonsområder blir teken i bruk for aktivitetane windsurfing og kiting.

Jens Helmers plass

I 2014 sørgja fleire tonn med sand på Jens Helmers Plass for at festivaldeltakarane fekk sandkorn mellom tærne. Under festivalhelga blei det laga til ei midlertidig sandvolleyballbane som vart brukt til å arrangere Våt Moro si volleyballturnering. Med eigen DJ og tribune var stemninga blant publikum og deltakarane upåklageleg!