Wakeboard. Foto.

Wakesurfing er ein vassport der utøvaren surfar i hekkbølgja til ein båt. Hekkbølgja både liknar og kjennes ut som ei ekte havbølgje.

Ein kjem seg opp på bølgja ved hjelp av eit trekktau på same måte som når ein står på  wakeboard, og når ein har funne balansen i bølgja så slepp ein tauet og surfar framover i tempo med båten. Det kulaste med denne sporten er at ein til skilnad frå ei vanleg havbølgje der ein berre kan surfe i mellom 5 – 60 sekund om gangen, så kan ein i hekkbølgja surfe så lengje som ein ynskjer (og klarar) då bølgja er varar så lengje båten er i framdrift.  Brettet ein brukar har same form som eit surfebrett men er noko kortare i lengde.

Aktivteten passar for dei med erfaring frå liknande vassport.

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.