Vasski

Vasski er ein aktivitet som passar for dei aller fleste – vi er jo tross alt født med ski på beina.

På vassoverflata susar ein fram og tilbake i kjølvatnet til båten og dei vidarekomne kan bruke bølgjene til å hoppe og trikse bak båten.

  • Tid: Sjå program for tider. 
  • Varighet: 30 min 
  • Aldersgrense: 12 år
  • Pris: 300,- (Billettsal berre i sekretariatet – ingen førehandspåmelding)
  • Alle aktivitetar med vêratterhald

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.