Surfing. Foto.

Våt Moro i samarbeid med LaPoint inviterar deg til ein vill, vakker og våt oppleving i Hoddevika – så langt vest mot havet du kjem!

Sjølv om surfing assosierast med lange strender, palmer og tropisk varme så er det minst like eksotisk å surfe i Noreg. Skilnaden er gjerne at vasstemperaturen er lågare, men til gjengjeld får ein oppleve naturen med krystallklart vatn og majestetiske fjellsider tett på kroppen. Kva meir kan ein ynskje seg?

LaPoint har vore på Stadt sidan 2008 og meiner at surfeopplevinga ein får der er heilt unik, mykje på grunn av at ein er langt unna alt anna.

Hugs eigen mat og drikke. Prisen på kr 990 inkluderar transport frå Florø. Avreise kl. 07.00.

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.