Stand Up Paddle. Foto.

Stand Up Paddle (SUP) eller «Stå opp padling» på godt norsk er ein vassport der utøvaren står oppreist på eit langt brett og driv det framover med ei lang åre.

SUP blir brukt både til rekreasjon, trening og konkurransar, og er ein fin måte for folk i alle aldrar – uansett ferdigheiter og fysisk form – til å ferdast på vatnet. Under Våt Moro får du ein innføring i teknikk for korleis du tek deg fram på brettet, korleis du kjem deg opp på brettet at om du fell ut i og liknande. Deretter set ein teori ut i praksis og padlar saman tur/retur Rota.  Det er ikkje rart at dette er verdast raskast veksande vassportaktivitet. Våt Moro er superglad for å i år ha med seg ein Florøværing som instruktør!

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.