Segling. Foto.

Florø er eit eldorado for båtliv og segling. Under Våt Moro kan du bli med på ein tre-timars seglas i dei vakre omgivelsane rundt Florø.

Med i seglbåten er det erfarne seglarar som gir deg ei innføring i segling, samt litt om kva som er viktig på havet. Turen tek til og stoppar ved Furuholmen der Florø Seilforening har sin base, og forholda vil avgjere kvar turen går. Transport fra/til sentrum er inkl. i prisen.

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.