Kajakk – innføring og tur

Prøv kajakkpadling ut frå verdas vakraste by og få eit unikt møte med vestlandets natur.

Turane går ut Florevika og rundt Rota og St. Helena. Her kan både vaksne og barn vere med og lære å padle kajakk.

Du må ha med:
• Tørre kle
• Mat og snacks
• Varm drikke + tørstedrikk
• Vanntett pakkpose (kan kjøpast i sekretariatet på Torget eller i sportsbutikk)

  • Tid: Sjå program for tider 
  • Varighet: 90 min
  • Aldersgrense: 12 år
  • Pris: Barn 300,- / vaksen 350,-
  • Alle aktivitetar med vêratterhald.

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.