Hoverboard

Hoverboard er oppfølgaren til det poplære flyboardet og er eit brett som alle «Back to the Future»-fans har venta på sidan 80-tallet!

Vi tør påstå at Våt Moro er ein av dei få plassane i Noreg du kan prøve hoverboard i sommar!

Hoverboardet fungerar på same måte som flyboardet sett bort frå to vesentlege skilnader; vassjeten er plassert bakarst på brettet og føttene er berre festa i to hemper på brettet. Difor krevjar det ein god del balansekunst for å få dressert hoverboadet samt at farta framover også gjer hoverboardet hakket meir utfordrande enn flyboardet. Du held kontakta med instruktøren som sit på vasscootaren og fortel kor mykje kraft du ønskjer under beina – såleis styar du kor høg og hurtig du ønskjer at opplevinga på flyboardet skal vere. Intruktøren gir deg gode tips og tilbakemeldingar undervegs.

  • Tid: Sjå program for tider. 
  • Varighet: 30 min 
  • Aldersgrense: 12 år
  • Pris: 300,- (Billettsal berre i sekretariatet – ingen førehandspåmelding)
  • Alle aktivitetar med vêratterhald

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.