
Ei naturoppleving kombinert med høg fart som får andrenalinet fram!
Opplev havet og naturen på nært hald! Båten held ein fart på nesten 50 knop, eller nærare 100 km/t i retning mot øyane og havgapet. Opplev fuglelivet vest av Fanøya og Batalden, og sjå majestetiske Kinnaklova. Ei frisk oppleving med fart og sjøsprøyt!
Aldersgrense: 16 år
Havrafting (ungdomstur)
Vi tek med oss ungdomen på havrating! I høg fart mellom holmane, i hopp mellom bølgjetoppane og heilt ytterst i havgapet får ein oppleve det råaste av natur og motorkraft. Blir du med?
Aldersgrense: 12 år.
Sjå også Havrafting med fotturar.
Alle turar med vêratterhald.
Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.