Fottur til Batalden. Foto.

Som tidligare år tilbyr vi fotturar i øyane med havrafting som transport til og fra.

Dette passer fint for deg som har lyst på ein tur saman med andre, og med ulike turmål har vi noko som passar for dei fleste. Våre turguidar tek deg med på ein flott tur i vestlandsk natur! Kvar vil du gå?

Havrafting med fottur på Alden

Askrova ligg sør i kommunen og er ei øy med mykje kulturlandskap. Turen tek deg opp på toppane på denne flotte øya og gir deg ein fin tur i frodig natur. Frå dei høgste toppane kan du sjå innover i fjordane og vestover i havet. Terrenget er variert og turen tek ca fire timar. Transport til og frå er med RIB, noko som gjer naturoppleving ekstra frisk.

Ta med kle i henhold til været som er meldt; fjellsko, niste og drikke.

Vanskelegheitsgrad: Medium
Aldersgrense: 14 år

Havrafting med fottur på Hornelen

Kvifor ikkje ta deg ein båttur og fjelltur på same dag? Med denne turen tek RIBen deg fram til Hunskår, startpunktet for fjellturen opp til høgaste fjellklippa i Nord-Europa. På toppen er du 860 meter over havet, før turen går ned att og båten tek deg tilbake til Florø kun ein meter over havflata i 50 knop! Ein av våre mest populære aktivitetar! Fjellturen tek 7-8 timar + ein time med båt.

Ta med kle i henhold til været som er meldt; fjellsko, niste og drikke.

Vanskelegsgrad: Medium+
Aldersgrense: 14 år

Havrafting med fottur på Kinn

Vi tek deg med til ei av dei mest myteomspunne øyene i landet. Segnene om omheilagfolket og sankta Sunniva som landa på øya tusen år tilbake i tid, Kinnakyrka frå 1100-talet som vitnar om ei lang historie og ikkje minst Kinnaklova som majestetisk stikk seg ut heilt vest i havgapet som eit viktig seglingspunkt gjennom historia. Turen går rundt øya, og gir deg ei nærleik av natur og historie som garantert vil gi deg meirsmak på øya! Runden rundt øya tek ca. fire timar. Tur til og frå skjer med havrafting, noko som gjer naturopplevinga endå meir spektakulær!

Ta med kle i henhold til været som er meldt; fjellsko, niste og drikke.

Vanskelegheitsgrad: Lett
Aldersgrense: 14 år

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.