Flyboard. Foto.

Flyboard har vore ein av Våt Moro sine mest populære aktivitetar dei siste åra. Aktiviteten representerar den perfekte blandinga av vatn og adrenalin!

Flyboardet festar du til beina ved hjelp av to sko og under beina har du to vassjettar der krafta kjem gjennom ein slange som er tilkopla vasscooter. Du held kontakta med instruktøren som sit på vasscootaren og fortel kor mykje kraft du ønskjer under beina – såleis styar du kor høg og hurtig du ønskjer at opplevinga på flyboardet skal vere.

Intruktøren gir deg gode tips og tilbakemeldingar undervegs slik at dei aller fleste klarar å fly over vassoverflata etter kort tid. Aldersgrensa til aktiviteten er 14 år og den passar like godt for jenter som for gutar.

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.