Elverafting. Foto.

Våt Moro tilbyr i samarbeid med Jølster Rafting ein frisk og utfordrande elveraftingtur i fagre og frodige omgjevnader i hjartet av Sogn og Fjordane.

Elva er frisk og utfordrande og vi lovar store mengder sprut og spenning samt nokre sikkelege magasug. Før ein set flåtane på vatnet får ein tildelt sikringsutstyr til bruk under rafteturen samt god opplæring i tryggleik. Nødvendige padlekommandoar blir drilla inn før ein set utfor. Etter avslutta tur er det busstransport tilbake til raftingsenteret. Aldersgrense 15 år.

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.