Dykking. Foto.

Har du lyst å vere med å utforske noko av det mest spennande landskap, under havoverflata? No har du sjansen!

Nemo Classic Diving har over 20 års erfaring med å utdanne dykkarar gjennom verdas største organisasjon for fritidsdykking, PADI. I år held dei kurs på festivalen vår.

Nemo Classic Diving er Noregs største dykkefirma og sertifiserer rundt 800 elevar i året. Nemo Classic Diving er eit PADI-5 stjernes senter, noko som vil sei at dei held kurs frå grunnkurs til instruktørkurs. Meir informasjon om senteret finn du på nemo.no. Under årets festival har du moglegheita til å ta dykkersertifikatet, oppfriskningskurs, prøvedykk og vrakdykk.

Nemo Classic Diving har dykkerutstyr og ABC-utstyr til sals under festivalen.

Prøvedykk

Det er ingenting som kan samanliknast med følelsen av å puste under vatn for første gang. Prøvedykk er ein unik moglegheit for deg som er nysgjerrig på den populære sporten.

Melder du deg på prøvedykk lærer du dei grunnleggande ferdighetane du treng for å kunne dykke i direkte oppsyn av instruktør, og får eit innleiande grunnlag til å vurdere om dykking er noko for deg. På ein dag med prøvedykk får du innsyn i:
– Korleis det er å ha på seg dykkerutstyr og korleis det er å bevege seg i vatnet med dette på
– Korleis det kjennes ut å puste under vatn
– Grunnleggande øvingar og sikkerheitsreglar for dykking

Prøvedykk held til i Havhesten, i oppvarma basseng. Kurspris inkluderer alt nødvendig utstyr. Einaste du treng å ha med er badetøy og godt humør.

Aldersgrense 10 år (under 18 år må ha følgje av vaksen)

Oppfriskningskurs

Er det ei stund sida du har dykka? Føla du at dykkeferdighetane og kunnskapen er litt rusten? Eller har du tatt kurs i utlandet, og vil forsette i Noreg? Oppfriskningskurset er repetisjonen du treng!

Kurset består av teoridel, bassengtrening og to sjødykk. Deler av teoridel og bassengtrening er valfritt, men anbefalast av kursarrangør å delta på mest mogleg.

Bassengtrening held til i Havhesten, i oppvarma basseng. Sjødykk vert bestemt utifrå vêrforhold.  Kurspris inkluderer lån av skuleutstyr. Ein må sjølv stille med ABC-utstyr (maske, snorkel og svømmeføtter) og ta med sertifikat med loggbok.

Aldersgrense 12 år (barn under 18 år må ha følgje av vaksen)

Dykkeprogram

Fredag 14. juli: 
Oppfriskningskurs/tørrdrakts-kurs: sjøtrening (to dykk), kl. 13:00-14:00. Oppmøtestad: Torget.

Lørdag 15. juli: 
Prøvedykk, kl. 10:00-15:00. Oppmøtestad: Havhesten.

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.

Nemo Classic Diving har over 20 års erfaring med å utdanne dykkarar gjennom verdas største organisasjon for fritidsdykking, PADI. I år held dei kurs på festivalen vår.

Nemo Classic Diving er Noregs største dykkefirma og sertifiserer rundt 800 elevar i året. Nemo Classic Diving er eit PADI-5 stjernes senter, noko som vil sei at dei held kurs frå grunnkurs til instruktørkurs. Meir informasjon om senteret finn du på nemo.no. Under årets festival har du moglegheita til å ta dykkersertifikatet, oppfriskningskurs, prøvedykk og vrakdykk.

Nemo Classic Diving har dykkerutstyr og ABC-utstyr til sals under festivalen.

Prøvedykk

Det er ingenting som kan samanliknast med følelsen av å puste under vatn for første gang. Prøvedykk er ein unik moglegheit for deg som er nysgjerrig på den populære sporten.

Melder du deg på prøvedykk lærer du dei grunnleggande ferdighetane du treng for å kunne dykke i direkte oppsyn av instruktør, og får eit innleiande grunnlag til å vurdere om dykking er noko for deg. På ein dag med prøvedykk får du innsyn i:
– Korleis det er å ha på seg dykkerutstyr og korleis det er å bevege seg i vatnet med dette på
– Korleis det kjennes ut å puste under vatn
– Grunnleggande øvingar og sikkerheitsreglar for dykking

Prøvedykk held til i Havhesten, i oppvarma basseng. Kurspris inkluderer alt nødvendig utstyr. Einaste du treng å ha med er badetøy og godt humør.

Aldersgrense 12 år (barn under 18 år må ha følgje av vaksen)

Open Water Diver

Har du alltid hatt lyst til å lære å dykke? Open Water Diver er sjølve inngangsbilletten til å oppleve den fantastiske verda under vatn.

PADI Open Water Diver kurset er verdas mest populære dykkerkurs og har introdusert millionar av menneske til ein eventyrlysten dykkelivsstil. Kurset består av tre hovuddelar:
– Kunnskapsutvikling der du lærer grunnleggande prinsipp ved dykking
– Bassengtrening for å lære dei grunnleggande ferdighetene ved dykking
– Sjødykk der du repeterer øvingar og utforskar det akvatiske miljøet

Bassengtrening held til i Havhesten, i oppvarma basseng. Sjødykk vert bestemt utifrå vêrforhold.  Kurspris inkluderer bokpakke, sertifiseringsavgift og skuleutstyr. Ein må sjølv stille med ABC-utstyr
(maske, snorkel og svømmeføtter). Deltakarar må ha godkjent legeerklæring for fritidsdykking før kurset startar, link til legeskjema frå PADI her.

Aldersgrense 12 år (barn under 18 år må ha følgje av vaksen)

Oppfriskningskurs

NB! Dette er ein frivillig teoridel.

Er det ei stund sida du har dykka? Føla du at dykkeferdighetane og kunnskapen er litt rusten? Eller har du tatt kurs i utlandet, og vil forsette i Noreg? Oppfriskningskurset er repetisjonen du treng!

Kurset består av teoridel, bassengtrening og to sjødykk. Deler av teoridel og bassengtrening er valfritt, men anbefalast av kursarrangør å delta på mest mogleg.

Bassengtrening held til i Havhesten, i oppvarma basseng. Sjødykk vert bestemt utifrå vêrforhold.  Kurspris inkluderer lån av skuleutstyr. Ein må sjølv stille med ABC-utstyr (maske, snorkel og svømmeføtter) og ta med sertifikat med loggbok.

Aldersgrense 12 år (barn under 18 år må ha følgje av vaksen)

Dykkeprogram og prisar

Fredag 14. juli: 
Oppfriskningskurs/tørrdrakts-kurs: sjøtrening (to dykk), kl. 13:00-14:00*. Oppmøtestad: Torget.

Lørdag 15. juli: 
Prøvedykk, kl. 10:00-15:00**. Oppmøtestad: Havhesten.