AfterSea. Foto.

Våt Moro vert arrangert for sjuande året på rad, og det feirar vi med eit fyldig kveldsprogram!

Festivalen vert opna torsdag 12. juli av Bendik – ei jente med ein gut sitt namn. Sterke kontrastar har alltid vore ein viktig del av Bendik sitt univers. Det er såre tekstar i mektig innpakning. Musikken vert driven av få musikarar, men høyres ut som eit orkester. Singelen «Perfekt» vart sluppe 26. januar på Petroleum Records, og er første låt ut frå hennar kommande album. Låta vart vekas låt på NRK P3 der den fortsatt er i høg rotasjon.

Fredagens AfterSea startar med eit brak i det Jostein Nordvik Hauge og Jon Håvard Stømsnes inviterar alle, uavhengig av kunnskapsnivå, til ein leikande partyquiz! Når vinnaren av Eurospar Quiz 2018 er tildelt heder, ære og ein verdig premie, entrar trubaduren Jan Kjetil Klubben scena. Med låtane alle kan, si karakteristiske stemme og si rå handtering av gitaren gir han oss allsang på kaia! Jan Kjetil gir oss låtane du elskar og hatar, dei du hadde gløymt, og dei du alltid nynnar med på.

Ein god festival bør og må avsluttast med ein virkeleg god fest! Laurdag held vi fram med den gode stemninga i verdas beste festival når vi inviterar til ei tropisk natt på dansegolvet i festivalteltet. Den lokale kjernekaren Fredrik Avsnes, også kjend som Le Frsh, gir oss årets tropenatt frå mixebordet!

Prisar

• AfterSea festivalpass (torsdag, fredag og laurdag) – kr 600

AfterSea torsdag • Bendik opnar Våt Moro!
• Inngang u/18 – kr 150
• Inngang o/18 kun Aftersea torsdag – kr 295

AfterSea fredag • Quiz og allsang med Jan Kjetil Klubben
• Inngang kun Aftersea fredag – kr 250

AfterSea laurdag • Tropenatt med Le Frsh
• Inngang kun Aftersea laurdag – kr 250

Buss frå Førde til Justad-konserten

Onsdag 6. juli sett vi opp buss frå Førde til konserten med Sondre Justad. Dette er eit ekstratilbod i samarbeid med Sogn og Fjordane Fylkeskommune spesielt retta mot ungdom/studentar.
Avreise frå Førde kl. 17.15. Konsert frå kl. 19.00. Retur ca. kl. 21.30 til Førde.

Bussbillett kjøper du på Program og billettar. Kr 100 tur/retur. Må kjøpast på førehand.

Vi brukar informasjonskapslar for å gje deg ein enklare brukaropplevelse og til statistikk slik at vi kontinuerleg kan forbedre sidene våre.