page view image

Våt Moro AfterSea

Informasjon
event image

Torsdag: Humorkveld med M&M

Maria Piateed Stavang og Marlene Stavrum gir oss eit heilaftans show med impro, sketsjar, standup, karakterar og roast. Og kanskje treng dei hjelp frå publikum? Kven veit! 🤠

Vi håpar du vil komme og leike med dei, for det er det dei skal, leike og vere barn igjen! «Man trenger å finne barnet i seg selv igjen», leste Maria i ei sjølvhjelpsbok ein gang ho trengte råd.

Bergensaren Per-Owe Helle varmar opp (må ikkje forvekslast med Florøs store son Per Øyvind Helle). Per-Owe er ei plaga sjel som går frå smell til smell i livet, og no delar han opplevingar og observasjoner frå livet og kvardagen.


Fredag: Quiz + allsang med Waterproof

Vår aller største suksess og tradisjon blir sjølvsagt gjentatt i 2024!

Sjølv om nokre av spørsmåla er over snittet vanskelege trur vi dei fleste kjem seg godt opp på poengtavla om dei har følgt nokolunde med i timane på barneskulen og elles hatt eit normalt forhold til verdas musikk- og tv-bransje.

Vi har tradisjonen tru lagt inn fleire utfordringar undervegs og ein skal få bryne seg på ulike tema gjennom kvelden!

Når vinnaren er tildelt heder, ære og ein verdig premie, entrar partybandet Waterproof scena og spelar opp til allsang 🪩

Dette vert garantert ein kveld med fleire overraskingar – og ikkje ein kveld du vil sjå på story dagen etter utan sjølv å ha vore med! 😉

Maks 6 personar per lag.


Laurdag: Demokratisk Dansegulv

Vi rundar av festivalen med Demokratisk Dansegulv, eit klubbkonsept som lar deg i publikum bestemme musikken du vil høyre. Vi har to DJ-lag der kvart lag får stemme på kva låt som er den neste. Det skapar ei unik stemning der du og vennene dine legg føringane for kvelden 🔥

Demokratisk Dansegulv har spilt for 3000 på Vinjerock, utseld Rockefeller, stappfullt Brød & Sirkus, Trænafestivalen, Findings-etterfesten og Fredvikafestivalen for å nevne nokre stader. Dei elskar å tilpasse seg publikum og skape ei unik oppleving kvar gong.


aftersea festival florø

Restriksjoner

Aldersgrense: 18 år

Ansvarsfraskrivelse

Ingen angrerett på kjøpte billettar. Med atterhald om endringar i programmet ved uventa hendingar.