Frivillig

Fotomontasje av frivillige på Våt Moro. Foto.

Våt Moro søker deg som ønskjer å bidra til at Våt Moro blir magisk. Oppgåvene du kan jobbe med er blant andre på festivalområdet, i barneparken og i baren.

Kvar vakt er på ca. 4 timar, og du får gratisbillett til AfterSea den dagen du jobbar. Om du er under 18 år vil du få moglegheita til å vere med på ein valfri aktivitet (ikkje havrafting). Meir info om oppgåver finn du i registreringsskjemaet.

Nedanfor finn du ei oversikt over dei ulike arbeidsoppgåvene vi treng hjelp til, og når du legg inn søknad kan du krysse av kva du ønskjer å jobbe med.

Oppgåver

  • Frivillig på kai – På kaia sender du festivaldeltakarar inn og ut på dei forskjellige havsportaktivitetane. Nokre vil også bistå med å arrangere aktiviteter for dei yngre deltakarane.
  • Ta i mot billettar – Bistå dei som er på kai med å ta i mot billettar frå deltakarar.
  • Frivillig i barnepark på lørdag – Har du lyst til å vere med på å lage sommarens beste dag for dei minste? I barneparken kan du vere med å bringe fram latter, smil og gode minner blant dei yngste.
  • Opp- og nedrigg – Krev oppmøte før og etter endt festival, under opp- og nedrigging av diverse utstyr på området. Opprigg vil foregå på mandag, onsdag og torsdag. Nedrigg vil foregå på søndag.
  • Trivselspatrulje – Bli med og tilrettelegg for at alle dei frivillige skal ha det fint på vakt. Her kan ein måtte hjelpe til om nokon treng pause, samt dele ut kaffi og mat. Trivselspatruljen er ein av dei viktigaste funksjonane under festivalen!
  • Bli med på å utforme delar av festivalen – Om du kan tenke deg å vere med å arrangere sjølve festivalen så er dette ein gyllen mulighet. Legg inn en kommentar om kva du tenker du kan bistå med, så tar vi kontakt!

Alle kan ønske seg jobbar, og dei fleste får ønsket oppfylt. Men, vi kan dessverre ikke garantere førstevalg til alle.

Kva forventar vi av deg?

Vi forventar at du møter opp til avtalt tid og gjer jobben med godt humør og engasjement. Arbeidstida er ca. 4 timar.

Spørsmål?

Send melding via chatboksen på sida her. Vi svarar innan kort tid.

Vil du vere frivillig?

Velkommen tilbake i 2024.

Kontakt

[email protected]