Info

Om Våt Moro

Den andre sumarhelga i juli går Våt Moro av stabelen i Noregs trivelegaste og vestlegaste by – Florø. Festivalen blei første gong arrangert sommaren 2012 og har sidan den gong vekse i omfang og storleik.

Talet på aktivitetar som tilbys under festivalen har også auka gjennom åra og vi jobbar kontinuerleg med å utvikle konseptet både i, over og under vatn vidare for å få endå fleire til å bli med på moroa. Målet til Våt Moro er å bidra til at festivaldeltakarane kan prøve aktivitetar som nyttar dei unike naturressursane som ligg rundt kystbyen vår slik at terskelen for å vere ute i friluft og i det våte element blir senka. Senter for dei fleste aktivitetane er Florø og Florevika. Til aktivitetane på Florevika nyttar vi både lokale og tilreisande aktivitetsinstruktørar som kvar og ein bidrar til at aktivitetane blir gjennomført på ein både sikker og morosam måte.

Viktig har det også vore ha å aktivitetar som passar for alle aldrar, difor arrangerer vi Våt Moro Barnepark for dei aller minste og Ung Ekstrem for målgruppa 12-16 år i tillegg til dei ulike aktivitetane for unge og vaksne over 16 år.

På kveldstid er det duka for morosamheiter og god stemning med «AfterSea» i festivalteltet der vi byr på quiz, band og DJ som saman skapar den perfekte avslutninga på ein dag i det våte element.

Havsportfestivalen Våt Moro er ein dugnadsbasert festival – skapt og driven av lokale eldsjeler som gir av seg sjølv og si fritid for å skape leik, moro og aktivitet i sin eigen heimby. Utan desse frivillige personane ville det ikkje vore mogeleg å arrangere festivalen. Sjå meir informasjon om korleis du også kan vere med som frivillig!

Ofte stilte spørsmål

Festivalområde

Amfi-kaia

Midt i sentrum av Florø ligg Amfisenteret med fint oppbygd kaiområde. Frå 2022 er dette vår nye hovudbase. Her set vi opp eit stort festivaltelt som husar sekretariatet på dagtid og «AfterSea» og underhaldning på kveldstid. I tillegg er området oppmøtestad for dei fleste av aktivitetane og gjer til at det er yrande folkeliv her under festivaldagane. Ønskjer ein berre å sjå på moroa gjer ein dette best frå bryggjekanten. På området er det også sett opp eit eige telt for omskifting til våtdrakt, toalettfasilitetar og matservering.

Florevika og Floraskjergarden

Florevika er vår leikeplass og det er her dei aller fleste aktivitetane finn stad. Festivaldeltakarane nyttar det våte element på mange mogelege måtar – anten på, i eller over havoverflata. Dersom ein vil sjå meir av festivalområdet enn Florevika, så kan du ta deg ein raftingtur i den unike Floraskjergarden der du mellom småøyer og skjær susar forbi gamle fyr og lokale landemerker frå Alden i sør til Hornelen i nord. Det same området kan du også sjå i fugleperspektiv dersom du tek deg ein paraglidartur med opptrekk frå båt – herlig!

Byparken

Våt Moro for dei aller minste finn stad i Byparken. Parkområdet blir fylt opp med vassklier, badeskum, ansiktsmaling, våte svampar, vassballongar og mykje barnelatter. Våt Moro-maskoten ”Krokofanten” sørgjer for at stemninga er på topp gjennom heile dagen.

Sørstrand Folkepark

Ein av Florøs vakraste rekreasjonsområder blir i år teken i bruk til sandvolleyballturneringa.