Wakeskate

Wakeskate liknar mykje på wakeboard sett bort frå ein vesentleg skilnad – du står ikkje fast på brettet! Dette gjer til at denne aktiviteten er hakket meir utfordrande.

På same måte som for wakeboard, slepast ein etter ein båt, og sidan du ikkje står fast på brettet kan du utføre meir tekniske triks enn på wakeboardet. Denne aktiviteten anbefalast for deg som har erfaring med liknande vassaktivitet frå før.

  • Tid: Sjå program for tider. 
  • Varighet: 30 min 
  • Aldersgrense: 12 år
  • Pris: 300,- (Billettsal berre i sekretariatet – ingen førehandspåmelding)
  • Alle aktivitetar med vêratterhald

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.