Vannscootertur med fører

Vannscooter har blitt ein enormt populær vannaktivitet dei siste åra der vannjeten sørgjer for at ein kan nå høge hastigheiter på kort tid – dette gir eit sug i magen for alle og ein kvar!

Under Våt Moro kan born og unge få vere med på ein kort vannscootertur saman med ein erfaren sjåfør. Før turen startar får deltakaren på seg redningsutstyr og når ein er godt plassert på scooteren tilpassar ein farten på turen til passasjeren som sit på. Her får ein oppleve mykje fart og blått hav på kort tid!

Billettsal berre i sekretariatet – ingen førehandspåmelding.

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.