Stand Up Paddle

Stand Up Paddle (SUP) eller «Stå opp padling» på godt norsk er ein vassport der utøvaren står oppreist på eit langt brett og driv det framover med ei lang åre.

SUP blir brukt både til rekreasjon, trening og konkurransar, og er ein fin måte for folk i alle aldrar – uansett ferdigheiter og fysisk form – til å ferdast på vatnet. Under Våt Moro får du moglegheit til å leie SUP-brett og prøve deg fram.

  • Tid: Alle dagar, sjå program 
  • Stad: Hamneområdet utan Amfi 
  • Oppmøte: Våt Moro sekreteriatet
  • Aldersgrense: 12 år
  • Pris: 100,- (Billettsal berre i sekretariatet – ingen førehandspåmelding)
  • Alle aktivitetar med vêratterhald.

Eigenerklæringskjema må fyllast ut i forkant av deltaking på all aktivitet. For born under 18 år må skjemaet signerast av foreldre eller føresatte. Du kan laste ned skjemaet under «påmeldingsvilkår»-fana og levere det ferdig signert i sekretariatet i forkant av aktiviteten du skal vere med på. Hugs at alle aktivitetar startar med eit besøk i sekretariatet for registrering.