AfterSea

Torsdag 6. juli: SKAAR og CLMD 🎉

Det er 10. gong Våt Moro vert arrangert og vi er så heldige at SKAAR og CLMD kickstartar festivalen saman med oss 🥳

24 år gamle SKAAR (Hilde Skaar) har for alvor byrja å posisjonere seg som ein av landets mest spanande pop-artistar. Med sin unike teft for melodiar, relaterbare tekstar og sin sterke vokal har ho vekka stor interesse nasjonalt og internasjonalt.

No er ho klar til å trollbinde Florø-publikummet når ho opnar årets festival 😍

Etter at SKAAR har gitt oss eit lite stykke magi står CLMD klar for å gje oss ei rytmebombe. Han har vore ei kjend stemme i den norske musikkbransjen i over eit tiår og har oppnådd stor suksess nasjonalt og internasjonalt der han har samarbeida med fleire artistar og produsentar. Han har fleire hundre millionar avspelingar totalt og har spelt live på blant anna Tomorrowland og Ultra Music Festival.

CLMD lovar å runde av opningskvelden med ein fest du seint vil gløyme 🎉🪩

Fredag 7. juli: Quiz og allsang 🎶

Quizen i år blir ENDÅ råare enn nokon gong! 🚨 Sjølv om nokre av spørsmåla er over snittet vanskelege trur vi dei fleste kjem seg godt opp på poengtavla om dei har følgt nokolunde med i timane på barneskulen og elles hatt eit normalt forhold til verdas musikk- og tv-bransje.

Vi har tradisjonen tru lagt inn fleire utfordringar undervegs og ein skal få bryne seg på ulike tema gjennom kvelden!

Når vinnaren er tildelt heder, ære og ein verdig premie, entrar partybandet Waterproof scena og spelar opp til allsang 🪩

Dette vert garantert ein kveld med fleire overraskingar – og ikkje ein kveld du vil sjå på story dagen etter utan sjølv å ha vore med! 😉

Obs! Maks 6 personar per lag.

Laurdag 8. juli: Klubb Lollipop 🏝

Klar for å slå deg heilt laus!? 🚨

Monica «Minnie-Oh» Johansen kjem med klubbkonseptet Klubb Lollipop og gjer om festivalteltet til ei einaste stor fargebombe med skamlause hits og eit gloheitt dansegulv med svettegaranti 🔥

Klubb Lollipop har blant anna spelt på Slottsfjell, Øya, MGP og Costume Awards m.fl..
Dette blir ein heftig kveld der du kan legge igjen alle hemningar heime – vi lovar lollipop og glowsticks til alle! 🍭